Klassikaren
Abstrak
Hensikten med dette essayet er å gje nye blikk og vinklingar på samarbeid som grunnleggande kompetanse i sjukepleieprofesjonen. Samarbeid er noko me alle har eit forhold til, og ein kan få inntrykk av at samarbeidskompetanse er ein gjengangar i allmenn opplæring og høgare utdanning. Som høgskulelektor og sjukepleiar er eg dagleg vitne til, og del av, nettopp samarbeid, og gjennom essayet søker eg ei større forståing av kompleksiteten til denne klassiske arbeidsforma. Kva faktorar speler inn og ligg til grunn for å fremje synergi i samarbeid? Essayet tek utgangspunkt i sjukepleiestudenten, og eg inviterer lesaren med på mine refleksjonar, vinklingar og assosiasjonar knytt til samarbeidskompetanse. Litteraturen er henta frå eit utval filosofisk, pedagogisk og sjukepleiefagleg teori i tillegg til studie- og emneplan og forskrift om nasjonal retningslinje for sjukepleiarutdanning.
Topik & Kata Kunci
Penulis (1)
Anne Guro Korsvoll
Akses Cepat
- Tahun Terbit
- 2025
- Sumber Database
- DOAJ
- DOI
- 10.7557/14.7664
- Akses
- Open Access ✓