«Lutefiskens lengsel mot havet»
Abstrak
I denne artikkelen undersøker eg skjønnlitterære tekstar av tre sentrale forfattarar knytte til tidsskriftet Profil på 1960-talet: Dag Solstad, Einar Økland og Jan Erik Vold. Dei tekstane eg fokuserer på, er alle kjenneteikna ved at dei er humoristiske, og at dei på ulike måtar nyttar denne humoren til å kritisera andre lyriske skrivemåtar enn den som kjenneteiknar Profil-gruppa sin eigen poetikk. Nærmare bestemt handlar det om kritikk av den idealistiske tradisjonen; kritikk av den moraliserande litteraturen; kritikk av nasjonalromantikken; kritikk av særlege, poetiske motivkrinsar; kritikk av symbolbruk; og kritikk av høgstemd, poetisk særspråk. Saman med analysane av Profil-forfattarane sine tekstar, går eg inn på døme på desse kritiserte skrivemåtane, av Paal Brekke, Arnulf Øverland, Erling Christie, Tore Ørjasæter og A.O. Vinje. Og eg peikar på to internasjonale inspirasjonskjelder, Werner Aspenström og Lewis Carroll. Det overgripande poenget er at Profil-forfattarane ikkje fokuserer på éin hovudmotstandar, men femner særs vidt i sin humoristisk-kritiske omgang med tradisjonen.
Topik & Kata Kunci
Penulis (1)
Hadle Oftedal Andersen
Akses Cepat
- Tahun Terbit
- 2023
- Sumber Database
- DOAJ
- DOI
- 10.7557/13.6869
- Akses
- Open Access ✓