"Ho trakka han på foten" – ein eksoskeletal analyse av possessivt objekt
Abstrak
Possessive objekt, som han i ho trakka han på foten, er spesielle av to grunnar: dei kjem ofte i tillegg til verbets konvensjonelle argumentstruktur (trakke er eit typisk intransitivt verb, men tar possessivt objekt), og dei blir tolka som eigar av eit anna nomen i setninga (her foten). I norsk er temaet behandla grundigast av Lødrup (2009 b, 2019), som analyserer possessive objekt som direkte objekt og behandlar såkalla uavhendelege kroppsdelsnomen som ein nomenklasse med eigne grammatiske possessiveigenskapar. Denne artikkelen presenterer eit alternativ til analysen av possessivt-objekt-setningar, basert på eksoskeletal teori og særleg Åfarli (2007). Det blir argumentert for at det possessive objektet er eit indirekte objekt, og at både verb og kroppsdelsnomen er radikalt underspesifiserte for grammatisk informasjon som argumentstruktur og possessiveigenskapar. Artikkelen viser slik korleis ei eksoskeletal tilnærming kan gi nye perspektiv på possessive objekt og uavhendeleg eigarskap.
Topik & Kata Kunci
Penulis (1)
Ragnhild Eik
Akses Cepat
- Tahun Terbit
- 2024
- Sumber Database
- DOAJ
- DOI
- 10.52145/mom.v116i1.2272
- Akses
- Open Access ✓