DOAJ Open Access 2025

Legar i primærhelsetenesta si rolle ved førehandssamtalar i palliativ fase i Noreg<subtitle>Førehandssamtalar – samtalar om det som er viktig for pasienten i sluttfasen av livet</subtitle>

Sølvi Anne Eide Lunde Merete Røthing Nina Elisabeth Hjorth

Abstrak

Bakgrunn: Nasjonale retningsliner tilrår førehandssamtalar. For å auke kunnskapen om bruken av førehandssamtalar utforska me erfaringar med og refleksjonar om førehandssamtalar i palliativ fase hos legar i primærhelsetenesta i ein mellomstor norsk kommune. Metode: Me har nytta eit kvalitativt studiedesign med fokusgruppeintervju av fem legar. Intervjuet vart tatt opp, transkribert, anonymisert og analysert ved systematisk tekstkondensering. Resultat: Legane erfarte at rolla deira i eit palliativt pasientforløp var uklar, og dei mangla rutine for involvering i førehandssamtalar. Tre hovudtema vart identifiserte: verdien av førehandssamtalar i den palliativ fasen barrierar og tilretteleggarar for førehandssamtalar organisatoriske faktorar i palliativ fase Konklusjon: Legane i studien ønskte tidleg involvering og ei tydelegare rolle i palliative pasientforløp. Førehandssamtalar bør initierast tidleg og gjentakast regelmessig ved vendepunkt i pasientforløpet for å bli kjent med pasient og pårørande sine preferansar, tankar om situasjonen, framtida og medisinsk behandling. For å styrke legane i bruk av førehandssamtalar må opplæring i klinisk kommunikasjon samt førehandssamtalar styrkast. Det er behov for meir forsking om faktorar som kan styrke legane si rolle i bruk av førehandssamtalar i kommunehelsetenesta.

Penulis (3)

S

Sølvi Anne Eide Lunde

M

Merete Røthing

N

Nina Elisabeth Hjorth

Format Sitasi

Lunde, S.A.E., Røthing, M., Hjorth, N.E. (2025). Legar i primærhelsetenesta si rolle ved førehandssamtalar i palliativ fase i Noreg<subtitle>Førehandssamtalar – samtalar om det som er viktig for pasienten i sluttfasen av livet</subtitle>. https://doi.org/10.18261/tfv.27.4.5

Akses Cepat

PDF tidak tersedia langsung

Cek di sumber asli →
Lihat di Sumber doi.org/10.18261/tfv.27.4.5
Informasi Jurnal
Tahun Terbit
2025
Sumber Database
DOAJ
DOI
10.18261/tfv.27.4.5
Akses
Open Access ✓