DOAJ Open Access 2023

Forskjell som føresetnad for utvikling<subtitle>Ein refleksjon over praksis/teori-dualismen i ljos av filosofien til Luce Irigaray</subtitle>

Grethe Nina Hestholm

Abstrak

I denne artikkelen jamfører eg Ryles forståing av knowing how og knowing that med Irigarays forståing av kjønnsforskjellen. Eg finn dei same strukturane i og mellom dualismepara; det er ikkje mogeleg, verken i teori/praksis- eller i mann/kvinne-dualismen, å dedusere seg fram til den eine delen berre gjennom kunnskap om den andre. Likevel er delane i dualismeparet gjensidig avhengige av kvarandre, blant anna for i medvit om den forskjellige andre å kultivere det som er særeige med seg sjølv. I denne kultiveringa kan skulen spele ei avgjerande rolle; ei einsidig utvikling av den eine delen fører til framandgjering og paralyserande konformisme for begge, medan ein representasjon av og formidling mellom partane støttar gjensidig utvikling og intersubjektivitet. I ungdomsskulepraksisen på Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPUY) møtes allmennfaglege og yrkesfaglege kunnskapskulturar i to veker. Ser vi i dette møtet starten på ei gjensidig kultivering saman med den forskjellige andre?

Topik & Kata Kunci

Penulis (1)

G

Grethe Nina Hestholm

Format Sitasi

Hestholm, G.N. (2023). Forskjell som føresetnad for utvikling<subtitle>Ein refleksjon over praksis/teori-dualismen i ljos av filosofien til Luce Irigaray</subtitle>. https://doi.org/10.18261/tfk.47.1.4

Akses Cepat

PDF tidak tersedia langsung

Cek di sumber asli →
Lihat di Sumber doi.org/10.18261/tfk.47.1.4
Informasi Jurnal
Tahun Terbit
2023
Sumber Database
DOAJ
DOI
10.18261/tfk.47.1.4
Akses
Open Access ✓