Bedrestilte forstadsbuarar frå hovudstaden? Dei norske velforeningane 1872–1940
Abstrak
Samandrag Frå 1870-åra vart ei rekke velforeningar til i kommunane rundt hovudstaden. Fram til andre verdskrig speler vella ei viktig rolle i måten desse landkommunane vert til forstadskommunar. Vella var sentrale i middelklassen si modernisering av desse forstadene ved hovudstaden der etableringa av nye villastrøk var eit særleg tydeleg trekk. Artikkelen forklarer og analyser utviklinga i desse nye forstadskommunane, og kvifor det var her vella fekk størst utbreiing og innverknad i denne perioden. Samtidig blir det vist korleis det også blei etablert velforeningar utanfor dei typiske middelklassestrøka, med eit sterkare bygde- eller arbeidarpreg. Innslaga av velforeningar med slike trekk kan vera med å forklara at vella etter andre verdskrig kunne utvikla seg til ein type forening og ei rørsle som i dag famner over foreningar over heile landet, i tillegg til forstadene i så vel bygd som i by.
Topik & Kata Kunci
Penulis (1)
Knut Grove
Akses Cepat
PDF tidak tersedia langsung
Cek di sumber asli →- Tahun Terbit
- 2021
- Sumber Database
- DOAJ
- DOI
- 10.18261/issn.1894-3195-2021-02-05
- Akses
- Open Access ✓