Eigarforhold i trøndersk sagbruksnæring 1610–1663
Abstrak
Samandrag Kongen oppheva i 1618 forbodet mot sagbruksdrift på kongens grunn. Etter dette utvikla sagbruksdrifta i Midt-Norge (Trøndelag, Nordmøre og Romsdal) seg i løpet av få år til å bli det området i Norge med størst sagbordproduksjon. Fordi tidlegare studiar av sagbruksdrifta i Trøndelag ikkje har analysert produksjonstala, er omfanget av produksjonen ikkje tidlegare dokumentert. Trøndelag var ein utkant i sagbruksnæringa og dermed sårbar for konjunktursvingingar. Analysar av produksjonen avdekker desse konjunktursvingingane, som er viktige for å forstå utviklinga.Tidlegare analysar har basert seg på stikkprøvar omtrent kvart tiande år av talet på sager og kven som var sageigarar. Denne artikkelen utnyttar derimot heile datamaterialet om sagbruksdrifta i Trøndelag for perioden 1610–1663, slik ein finn det i lensrekneskapane. Artikkelen viser at datagrunnlaget i tidlegare analysar var altfor spinkelt til å dra generelle konklusjonar.Som eksempel kan nemnast at analysar av produksjonen gir andre svar på kven som var dei viktigaste sageigarane, enn ei opprekning av kor mange sager den enkelte sageigaren hadde. Vidare at parten bondesager ikkje gjekk ned fordi bøndene vart pressa ut av næringa, men som følgje av at bøndene stort sett hadde små sager med dårleg økonomi, og dermed ikkje tolte sterkare skattlegging og dårlege konjunkturar.
Topik & Kata Kunci
Penulis (1)
Folke Forfang
Akses Cepat
PDF tidak tersedia langsung
Cek di sumber asli →- Tahun Terbit
- 2019
- Sumber Database
- DOAJ
- DOI
- 10.18261/issn.1894-3195-2019-04-05
- Akses
- Open Access ✓